Kvifor er vulkanutbrot farlege?

Lavastraumen frå ein vulkan er umogleg å stanse, og han øydelegg alt han rører ved. Etter utbrotet kan det i fleire mils omkrins vere så mykje oske i lufta at det er umogleg å puste. Såkalla pyroklastiske straumar er kanskje det aller farlegaste ved eit utbrot. Pyroklastiske straumar består av varme gassar og vulkansk materiale, og kan bevege seg nedover skråninga på vulkanen med ei hastigheit på over 500 kilometer i timen!

Sikkerheitsona rundt ein aktiv vulkan blir ofte sett 40 kilometer unna.